Rom i kollektiv, 17m2, 4500/mnd,
Welhavens gate 45, Sentrum.
Annonsetekst:
Vi har eit ledig rom i det store kollektivet vårt frå 1. april 2013. Kollektivet ligg på Möhlenpris, så det er kort veg til ingeniørutdanninga til Høgskulen, Studentsenteret og alle UiB-fakulteta på Høyden. Det er også svært kort veg til busstopp og bybane.
Delen du leiger er eigentleg to rom, så her er høve til å innretta seg med soverom + kontor/stove om ein ønskjer det. Begge romma er ganske store (det er godt mogeleg at heilskapen er større enn 17 kvadrat). Frå det eine har du utgang ut til ein balkong kor det er sol heile dagen om sommaren.
Du deler leiligheita med tre kjekke karar frå trivselsfylket Sogn og Fjordane. Og de har stor plass å dela, over 100 kvadrat! Både kjøkken og bad har god standard, og heimen har både vaskemaskin og oppvaskmaskin. Trass i stort areal vert ikkje straumen særleg dyr, sidan det er fire som deler.
Skulle du vera over middels fotballinteressert, er dette berre ein fordel. Er du ikkje det, ligg "din del" av leiligheita såpass langt frå stova at fotballinteressa til dei hine ikkje er til noko plage.
Vi betaler sjølve for internett og fjernsyn, som nett no kostar om lag 120 kr i månaden.
Ta kontakt på e-post om du vil koma på visning!